Click for Apply Group home page
Apply Apply Home   

Leirvik AS satsar stort på digitalisering av bedrifta

samarbeid m%C3%B8te TESS%2C Evry%2C Skye%2C Leirvik
21.09.2018
I lag med lokale og nasjonale samarbeidspartnarar tek Leirvik grep for å sette bedrifta i stand til å forbetra konkurransekrafta si. Målet er å raskare ta i bruk eksisterande og ny teknologi i arbeidsprosessar og produkt, samt heve bedrifta sin generelle teknologikompetanse.


Leirvik har i desse dagar inngått samarbeidsavtalar med selskapa EVRY, Skye og TESS som alle vil være bidragsytarar når det no vert sett i gong ei rekke prosjekt der ein skal arbeida målretta med å ta i bruk teknologi i ein industriell prosjektdriven bedrift, slik som Leirvik.
  • Leirvik har lenge jobba med digitale løysningar, Lean, kontinuerlig forbetring og effektivisering av prosessane våre, men i fjor haust bestemte me oss for å ytterligare auke fokuset på innovasjon og digitalisering. Me erkjente tidleg at me ikkje hadde nok kompetanse i eiga bedrift og at det var behov for å heva eigen kompetanse, men også knytte til oss ekstern kompetanse, seier administrerande direktør i Leirvik, Helge Gjøsæter.
Sendte leiargruppa på kurs
Leirvik deltok bredt i pilotkurset "aDigital", i regi av Atheno og Digital Norway.
  • Ei felles forståing i leiargruppa av kva moglegheiter som ligg i omgrepet digitalisering og rett kjøparkompetanse, i forhold til å inngå samarbeid med dei rette digitale partnarane, var nødvendig hos oss. Denne kunnskapen fekk me tilegna oss gjennom kurset, slår Helge Gjøsæter fast.
Ulike teknologiar skal utforskast
Leiar for innovasjon og digitalisering, Morten Bjelland, ser fram til den spennande oppgåva med å rettleia organisasjonen i det pågåande arbeidet med digitalisering.
  • Me kjem til å utforska moglegheiter innanfor ei rekke teknologifelt som virtuell og utvida realitet, bruk av robotar, simulering og analyse av data. Men først og fremst handlar det om folk, kompetanse og bruk av kjent teknologi, påpeikar Bjelland.
Ser fram til samarbeid
Dei tre nye partnarane ser fram til å starte eit langt og produktivt samarbeid med Leirvik.
  • Både TESS og Leirvik har hatt fokus på Lean og effektive prosessar over lengre tid, og me er overbevist om at me kan koma fram til gode digitale logistikk-prosessar som vil gagne begge partar, seier kommersiell leiar i TESS, Kjetil Io.
  • Me er glade for at Leirvik valde lokal teknologikompetanse som ein av bidragsytarane. Vår nærleik til bedrifta, og vår kjennskap til industrien i Sunnhordland, vil vera eit fortrinn for begge partar i det vidare samarbeidet, følger dagleg leiar i Skye avd. Stord, Ole Dramdal opp med.

I tillegg til to partnarar med sterk lokal forankring, har Leirvik også fått med seg ein stor nasjonal aktør.
  • EVRY, som er ein stor og teknologi-uavhengig aktør, vil kunne tilføre nødvendige ressursar og kompetanse på dei aller fleste teknologiområda Leirvik måtte ynskje å jobbe med. Eg har stor tru på at me vil få eit langt og fruktbart samarbeid framover, avsluttar leiar for digital transformasjon hos EVRY, Frode Myrseth.
På bilde øverst ser du frå venstre: Ole Dramdal, dagleg leiar i Skye avd. Stord - Frode Myrseth, leiar for digital transformasjon hos Evry - Morten Bjelland, leiar for innovasjon og digitalisering - Helge Gjøsæter, Administrerande Direktør - Erlend Gjerdesvik, dagleg leiar i TESS Vest - Frank Terje Karlsen, leiar for fabrikasjon - Roar Kleven, direktør for integrerte forsyningar i TESS - Kjetil Io, kommersiell leiar i TESS Vest og Tommy Aleksandersen, avdelingsleiar i TESS Vest.

< Back
Leirvik | Pb 273, N-5402 Stord, Norway | Tel: +47 53 49 62 00